Konfirmasjon


Konfirmasjon


Konfirmasjonstida i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vere konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tvilar eller berre er nysgjerrig.
Opp gjennom historia har kristen tru og kultur prega landet og folket vårt. Gjennom konfirmasjonstida møter du klassiske og dagsaktuelle tema i forhold til dette: Kven er Gud? Kor kjem eg frå? Er Bibelen Guds ord? Skapverket og miljø. Rettferd. Næstekjærleik. - Tema er mange, og konfirmantåret er ei god høve til å reflektere over kva ein trur på. Ekstra spennande blir det når ein får utforske dette saman med andre.

Sjølve konfirmasjonen er ein skikkeleg festdag som berre er din. Denne dagen blir du stadfesta for den du er – ein heilt spesiell dag for deg som blir konfirmert, alle som er glade i deg og for kyrkja. I dei månadene før konfirmasjonen, får du oppleve mykje nytt, morosamt og spanande saman med andre konfirmantar og de får utforske viktige spørsmål i fellesskap. På denne sida finn du informasjon om konfirmasjon i Hemsedal