Då er vi klare for å ønskje velkommen til konfirmasjon i Hemsedal 2027!
Her følgjer informasjon om ein del datoar.
Viktige datoar og informasjon om konfirmantkullet 26/27:
- KICK-OFF! Tysdag 16.juni inviterer vi til kick-off kl. 14.30–16.00 på Kyrkjestugu!
Vi et taco saman, blir betre kjende og snakkar om året.
Passar for både dei som veit dei skal konfimerast i kyrkja – og dei som er usikre.
Alle er velkomne!
- Foreldremøte: Tysdag 18. august kl. 19.30–21.00 i Hemsedal kyrkje
- Velkomstsamling for konfirmantane: Tysdag 1. september kl. 14.30–16.30 på Kyrkjestugu.
- Presentasjonsgudsteneste: Sundag 13. september kl. 19.00 i Hemsedal kyrkje
- Konfirmantfestival for heile Hallingdal: Onsdag 11. november (føremiddag og ettermiddag / planleggingsdag på skulen)
- Lysmesse i Hemsedal kyrkje: Sundag 29.november kl. 19.00
- Konfirmantleir: 12.–14. februar (heile helga)
- Fasteaksjon: Tysdag 16. mars
- Samtalegudsteneste: Tysdag 4. mai kl. 18.00 i Hemsedal kyrkje.
Etterpå blir det fest for konfirmantane med familie og fadderar på Kyrkjestugu.
- Konfirmasjonsgudsteneste: 22. og 23. mai kl. 11.00 i Hemsedal kyrkje. Det blir også moglegheit for konfirmasjon i Lykkja kapell.
Brosjyra med informasjon kan du laste ned her.
Klikk her for å komme til påmelding.
Ta kontakt om du har spørsmål.
Velkommen som konfirmant!