Lys&liv-festivalen


Lys&liv festival er ein barnefestival for 3-6-klasse, helga etter haustferien. Med ein fire-års syklus som dreiar seg om tema - vatn, jord, lys og eld. 

 

Ungane skal i løpet av helga lære meir om kyrkja, Bibelen og symbolar gjennom fokus på hovedtema.

Helga startar med ein felles samling der vi introduserer tema, leikar og blir kjend med kvarandre.

Ungane skal så gå til gruppene dei har valt. Her skal dei fortsette og fordype seg i temaet og jobbe inn mot festivalgudstenesta sundag formiddag.

I løpet av laurdagen skal vi ete saman og vi avsluttar kvelden med ein kveldssamling i kyrkja.

Dei eldste ungane vert tilbudt overnatting i kyrkja.

Tema 2022 er "ELD"

I tema eld blir det fokus på Den heilage Ande - hjelparen vår som kan gi kraft og mot.

Tema 2021 var "LYS"

I tema lys blir det fokus på Jesus som seier han er verdas lys. I tillegg løfter vi blikket mot himmelen og sol, måne og stjerner.

Uten lys kan vi ikke se noen ting. Lys kommer alltid fra en lyskilde. Vi trenger lys for å leve og for å gjøre de daglige aktivitetene våre – leke, spise, lese og skrive, tegne, danse – ja vi trenger lys for å se hverandre og kommunisere. Uten lys blir hverdagen vår veldig begrenset. Sola gir oss lys og den varmer. Den gjør at plantene vokser og gir oss dermed mat på bordet. Sola gjør at vi kan stå opp hver dag og møte dagen. Lyset fra sola er også viktig for helsen vår. Gjennom sola får vi D-vitamin som holder oss friske.

I Bibelen finner vi mange tekster som bruker ordet lys. Det hele begynner med når Gud skapte jorda.

Et av de mest kjente tekstene er når Jesus selv sier: Jeg er verdens lys. Også sier han videre at vi er verdens lys. 

Dette året hadde vi agentgruppe, hobbygruppe og dansegruppe. Dansegruppa vart instruert av Sigmund Hegstad, og både deltakarane og Sigmund dansa i gudstenesta.

I 2020 var tema "JORD"

I tema jord blir det fokus på Gud som skaparen av jorda, om menneske som er skapt i Guds bilde og mennesket sitt ansvar for å ta vare på jorda.

Gud skapte jorda og sa at det var godt. Når vi ser rundt oss ser vi alt det vakre Gud har skapt. Trær, plantar, blomar, fjell, jord, gress. Vi kunne fortsette til det uendelege! Ho er så vakker! Alle levande dyr, insekta og menneska er avhengig av jorda for å kunne leva.

Gud gav oss eit oppdrag om å ta vare på ho, men det vi klarer ikkje alltid det. Jorda er ikkje vår til odel og eie. Vi låner ho og vi må derfor behandle ho godt.

Klima og miljøet endrar seg, og gradane på jorda stig. Det påverkar alt det som lever og veks.

Dette året var festivalen prega av koronatiltak slik at vi hadde faste grupper, men alle var innom tre stasjonar - på kyrkjegarden, ein plantestasjon og ein stasjon på maskinlaget. 

 

I 2019 var tema "VATN"

Vatn er eit sentralt tema i Bibel og den kristne trua. Gud knyttar si velsigning til alminnelege og jordlege ting. I dåpen vert vi plasket i hovudet eller synket ned i vatn. Det er ikkje noko spesielt ved dette vatnet enn at vi ved Guds ord og løftar har knytta Guds velsigna og bedt for vatne. Gjennom dåpsvatnet vert vi knytta saman med den treeinige Gud, til kyrkja og fellesskapet.

Både menneska, dyra og skaparverket treng vatn. Vatn er livsnødvendig. Vatn er godt. Utan vatn kan alt som er levande tørke og dø. Vatn reinsar, heler og gir liv. Vatn bidrar til betre helse og betre økosystemet, og økt matvaresikkerheit. Gjennom vatn fortsettar Gud å skape. Gud gir og vi deler. Vi tenkjer vatn er ein menneskerett. Alle har rett på reint vatn. Vi har eit oppdrag til å forvalte jordas ressursar rettferdig slik at alle kan få tilgang til reint vatn.

Det finnes fleire fortellingar om Jesus og vatn. Døyparen Johannes døyper Jesus med vatn; Jesu vaskar disiplars føter; Jesus møter ein samaritansk kvinne ved brønnen og snakkar om vatn; Jesus sier han er levende vann.

Dette fyrste året festivalen vart arrangert hadde vi to grupper: ei utegruppe som reiste til Storeskar og mellom anna padla, og ei agentgruppe som mellom anna var på vassverket.

Tilbake