↵
Bryllaup er ein fest for kjærleiken. Det er ein viktig begivenhet i livet. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar. Det er ein minnerik dag. Lokale, tradisjonane og kyrkja er for mange ein viktig del av denne dagen. Midt i all festivitas står to som har felles visjonar og mål for livet, men dei står ikkje aleine. Kanskje Hemsedal er staden for dykk til å markera ein av dei viktigste dagane i dykkar liv?
1. AVTALE OM VIGSEL
Det fyrste de bør gjera, er å ta kontakt med kyrkjekontoret lokalt for å avtale tidspunkt for vielse. Vi tek imot bestilling tidligst eit år i forvegen. Det er stort pågang med vigslar i Hemsedal og det er difor viktig å ta kontakt med den enkelte kyrkje så tidleg som mogeleg dersom de ynskjer ein spesiell dato.
Det finns flere vigselslokaler i Hemsedal; Hemsedal kyrkje, Lykkja kapell, Fausko gjestegård, Fyri og Skarsnuten hotell.
Hemsedal kyrkje eller Lykkja kapell:
Hemsedal kyrkjekontor tlf. 32 02 91 39 (Thorunn)
E-post: post.hemsedal@kyrkja.no
Fausko Gjestegård: Tlf: 93001320. E-post: post@fausko.no
Skarsnuten hotell: Tlf: 32061700
Ved leige av Fausko Gjestegård, Skarsnuten eller Fyri er det viktig at de på førehand har inngått avtale med kyrkjekontoret om vigsel den aktuelle datoen. Dersom annan prest skal vere vigselar må de melde frå til den lokale presten i god tid!
2. VIGSELSPAPIRAR
Før ekteskap kan inngås, skal det skje ei prøving av om ekteskapsvilkårene er oppfylt. Brudeparet må fylle ut prøvingsattesten og sende den til lokale skattekontoret. Like eins må brudeparet ha minst to personer som vitnar vielsen. Dei må fylle ut forlovererklæringa for at myndigheten kan utattestere prøvingsattesten. Disse papiraene MÅ ha vært sendt inn for at vigselen kan finne sted.
For linker til skjemaene, sjå nedenfor.
Skjemaer som skal fyllast ut:
Skjema får de hjå folkeregisteret eller de finn dei ved å klikke på linkane over.
Utfylte skjema leverer de til det lokale folkeregisteret (der brud, brudgom eller båe bur) i god tid før vigselen.
PRØVINGSATTEST (Q-0309B)
Skattetaten har dette skjemaet. https://www.skatteetaten.no/skjema/provingsattest/
Kryss ”nei” på om prøvingsattesten skal sendast til vigslaren. De vil då få prøvingsattesten tilsendt og denne tek de med til vigselsamtalen. Dersom dette ikkje er i orden så kan ikkje vigselen gjennomførast. Ta kontakt med skattetaten for meir informasjon om dette.
KOSTNADER
Hemsedal kyrkje og Lykkja kapell:
Innanbygds*: Kostnadsfritt.
Utanbygds:
Kr. 6000,- (organist, kyrkjetenar og leige av kyrkje).
Utanbygds dersom brud eller brudgom er oppvaksen og/eller har foreldre som hører heime i Hemsedal: kr. 1.500.-.
Fausko, Fyri, Skarstnuten:
1250,- i gebyr faktureres frå kyrkjekontoret.
*Innanbygds = når brud, eller brudgom har folkeregistrert bustadadresse i kommunen der vigsla skal foregå. Innanbygds som leiger Harahorn eller Skarsnuten avtalar og gjer opp med utleigar.
3. PLANLEGGING AV VIGSEL
Kontakt kyrkjekontoret i Hemsedal for nærmare informasjon om kven som vert dykkar prest og organist for vielsen. Ynskjer de å nytte eigen prest og/eller organist, må de melda frå om dette!
Vigselsliturgi
Den norske kyrkja har to liturgiar til bruk ved vigsel. Liturgien frå 2017 kan brukast av både likekjønna og ulikekjønna par, mens liturgien frå 2003 framleis kan brukast av par med ulikt kjønn.
Det er presten som veljer liturgien som brukast under vigselen. Dersom eit par har eit bestemt ynskje om liturgi, meldast dette til kyrkjekontoret innan 2 veker etter bestilling av vigselen.
Her finn du: Liturgien 2017
her finn du: Liturgien 2003
Samtale med prest
Ta kontakt med presten for avtale om vigselsamtale. Ekteskapet og den føreståande vigsla er sentrale tema i samtala. Like eins snakkar vi om dei praktiske tingane rundt vigselssermonien. Samtalen gjerast normalt 1-2 veker før vigselen.
Pynting
Kontakt kyrkjetenar i god tid for å avtale tid til pynting av kyrkja/kapellet.
Program
Brudeparet må sjølv ordne program for gjestane i kyrkja. Dersom ein ikkje ynskjer program har kyrkja salmebøker ein kan bruke.
Musikk
Salmar avtaler de med presten og organist (sjå salmeforslag). Sjekk ut NRK Salme minutt for minutt for å høyre salmane.
Det syngjast som regel 2-4 salmar i ein viglser, og det vert primært nytta songar frå Salmeboka.
Ynkjer brudeparet eitt eller fleire solo- og/eller musikkinnslag må dette avtales i samarbeid med prest og organist. Ein organist/kantor er utdanna kyrkjemusiker og spelar primært denne type musikk. Brudeparet kan ikkje forventa at organisten/kyrkjemusikaren kan spela alle slags sjangarar, og alle typer musikk. Ynskjer ein noko heilt spesielt må ein sjølv leige inn eigne musikarar til dette etter at organist og prest har godkjent at musikken kan passe i ei kyrkje. Er dykk usikkre på kva musikk dykk skal velje ta kontakt med prest og organist. Dei gjev gjerne tips og råd på songar!
Me anbefalar å ikkje bruke musikk frå CD-spelar eller mp3!
Brudeparet skaffar noter når det er ukjent musikk dei ynskjer, samt sørger for at organistane får nótene (minimum 2 mnd) i god tid før vigselen så dei får tid til å øve.
Salmeforslag
320: Ærens konge (melodi: Beethoven)
233: Kjærlighet er lysets kilde
299: Store Gud vi lover deg. Land og hav
1: Herre Gud ditt dyre navn
288: Store Gud vi lover deg
281: Hellig hellig hellig!
727: Lysens Gud, kjærlighets kilde
440: Kom kom og hør et gledens ord
197: Deg være ære
415: Alltid freidig når du går
489: Blott en dag
409: I dine hender Fader blid
643: Du som veien er og livet
651: Kjærlighet fra Gud
646: Lean on me
342: Amazing grace
801: Morning has broken/Nå er det morgen
666: Å leva det er å elska
670: Til kjærleik Gud oss skapte
482: Deg å få skode
734: Guds kjærleik er som stranda
854: No stig vår song, vår takk til Gud
844: No livnar det i lundar
240: Måne og sol