Dåp


I dåpen vert vi møtt av Guds kjærleik. Dåpen er ei gåve vi får lov å bare ta imot. Denne gåva kan vi motta uansett når i livet vi døypast.

Barn, unge og voksne er like velkomne til dåp. Den som døpast vert medlem i Den norske kyrkja.
Velkomen til dåp i Hemsedal kyrkjelyd! Ta gjerne kontakt med oss hivs du har spørsmål om du, ynskjer å bli døypt eller ynskjer å døype barnet ditt.

 
KVA HANDLAR DÅPEN OM?
 
MYSTERIUM
Heilt sidan Jesus bad oss om å døype, har menneska søkt dåp. Dåpen er eit mysterium. Ord kan ikkje fullt ut beskrive det som skjer. Vatnet blir aust opp i namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande. Ved evangeliet, det levande Ordet, blir vatnet ei nådekjelde. Dåpen gir oss del i påskeforteljinga om Jesus som døydde og stod opp av grava.
 
TRADISJON
Tradisjonen vår er å bere barn til dåpen. Vi feirar det nye livet og legg barnet i Guds hender. Foreldre gjer mange val for barna sine. Når eit barn blir døypt, svarer foreldra og fadrane ja på vegner av barnet. Men det er aldri for seint å bli døypt. Når ungdom og vaksne blir døypte, svarer dei sjølve ja. Også då står fadrar klare til å hjelpe den døypte til å leve i dåpen og trua på Jesus. Bibelforteljingar, bøn, nattverd og tilhøyrsle i kyrkja er ein del av dåpsvelsigninga.
 
VANN
Vatnet i den kristne dåpen er eit teikn som rommar både liv og død. Vatnet er livsgrunnlaget vårt og samtidig ein trussel. Når vi feirar dåp, set vi derfor òg ord på og tek avstand frå det som er vondt og imot Guds vilje. Dåpen skjermar oss ikkje mot vondskap og destruktive krefter. GUD gir oss eit løfte og eit håp om at livskreftene er sterkare, og at Gud tilgir oss og reinsar oss for all urett.
 
FELLESKAP
Livet fører oss opp og ned. Vi er både sterke og sårbare og treng å høyre til i ein samanheng. Kor ulike vi enn er, i dåpen blir vi eitt på tvers av alt som skil oss. i dåpen vert ein medlem av Den norske kyrkja og gir oss fellesskap med Kristus og med kristne søsken i den lokale kyrkjelyden og i den verdsvide kyrkja. Dette fellesskapet strekkjer seg over tid og rom, for det er éi tru, éin dåp og éi kyrkje. Det vi får i dåpen, gir oss mot og styrke til å elske Gud og nesten vår. Dåpen er ei gåve frå Gud, gitt av nåde, tre handfuller vatn, auste opp i namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage ande til evig liv. Vi går framtida i møte saman med Kristus.
 
TRUSOPPLÆRING
Dåp og trusopplæring høyrer samen.  Når eit barn vert døypt må det få lov til å bli kjent med kyrkja, livet og den kristne trua.  Tidligare foregikk mykje av dåpsopplæringa/trusopplæringa i skulen, men KRLE-faget er ikke lenger kyrkjas dåpsopplæring. Kyrkja  har nå utarbeidet si egen trusopplæring. Alle døypte barn skal i alderen 0-18 år få tilbod om ulike aktivitar og trusopplæring frå si kyrkjelyd. I Hemsedal vil det si at alle døypte barn får invitasjon til å delta på utdelinger eller arrangement der materiell og undervisning blir tilrettelagt for de ulike alderstrinn .

Foreldre og barn vil blant annet få tilbod om å delta på Babysang, 4-årsbok, 6-årsbok, Lys&Liv-festival mm. tilrettelagt for barn og andre arrangement helt frem til barnet er 18 år.  Kyrkja vil legge til rette for at alle døypte barn skal få oppleve, lære og erfare gjennom leik og sang, samtaler og pedagogisk opplegg at kyrkja er deira heim og at dei kan kome med heile livet og alle spørsmåla dei har til kyrkja. Vi håpar kyrkja er ei plass der barn og unge kan erfare seg sett og elska, og at livets gode og vonde dagar er noko kyrkja tek på alvor.

Sjekk ut heimesida vår for meir info om trusopplæring i Hemsedal.

 
 
 
PRAKTISK INFO OM DÅP OG DÅPSREGISTRERING
Vi ynskjer å koma i møte dei ynskja de måtte ha om dato. 
Vi legg til rette for at det kan vera dåp på dei aller fleste gudstenestene i Hemsedal kyrkje eller Lykkja kapell.
Datoar for gudstenester framover finn de her på heimesida vår eller i Kyrkjebladet.
Ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtala dato.
Like eins treng vi ein fødselsattest ved registrering av dåp.
 
I forkant av dåpsdagen tek presten kontakt med dykk, og gjer avtale om ein samtale.
Her går vi om dåp, trusopplæring i kyrkja og praktiske ting rundt sjølve dåpshandlinga.
 
 
Meir om dåp kan du finne på heimesida til den norske kyrkja www.kirken.no
 

Tilbake