Kyrkjestugu ligg like ved Hemsedal kyrkje, vegg i vegg med biblioteket, i sentrum av Hemsedal.
Bygget ble sett opp i 1981 i forbindelse med bygging av Hemsedal skole, då ein på same tid trong plassen dåtidas kyrkjelydssal hadde i underetasjen på bygdaheimen, til andre kommunale behov. Det vart lagt inn stor dugnadsinnsats frå kyrkjelyden for å få den nye kyrkjelydssalen på plass.
Kyrkjestugu blir nytta til kyrkjeleg verksemd, foreiningsarbeid, til samlingar i kristne lag og organisasjonar og til bruk av humanitære og kulturelle lag og organisasjonar.
Lokalet kan leigast til møter, konfirmasjon, bryllaup,dåp/navnefest, gravferd, minnesamvær og til overnatting av større grupper.
Følg med i kalenderen om du vil vita kva som skjer på Kyrkjestugu