"Det hjelper å snakke om det"
- ein stad å dele sorgen
Nokon å snakke med
Menneskelivet er slik at vi alle før eller sidan opplever sorg. Sorg er ikkje ein sjukdom, men ein naturleg og sunn reaksjon på å miste ein som står ein nær. Når ein opplever tap, kan det vere godt å snakke og dele med andre som har vore i liknande situasjon. Sorggruppe kan vere ei stad å gjera dette.
For noen kan det vera godt å få kome til enkeltsamtale. I kyrkja tilbyr prest sjelesorgsamtale. Sjelesorg kan beskrivast som omsorg for heile menneske med det livet måtte romme. Utgangspunktet for sjelesorgsamtalen er den enkeltes oppleving av sin aktuelle livssituasjon, uavhengig av tro og livssyn. Temaene for samtalen kan romme sorg, men også alt annet som livet rommer: et menenskes forhold til seg sjølv, til medmenneska, skaparverket og Gud. Ingenting er for lite eller for stort i sjelesorgens rom. Sjelesorg gjev mogelegheit for å reflektera over og bearbeide eigen livs- og troshistorie, erfaringar frå livet, lengsler og håp.
Sorgens mange spørsmål
– Har eg for mange / for få kjensler?
– Kor lenge «skal» eg sørgje?
– Kva er «normal» sorg?
Nokon vanlege reaksjonar er:
- Konstant trøytt
- Konsentrasjonsvanskar
- Kjenne seg einsam
- Sårbarheit
- Hukommelsesvanskar
- Søvnvanskar
- Miste interesse for det som før var spennande og morosamt å gjere.
Det er ingen riktig eller gal måte å sørgje på. Det som vil vere felles for alle er at vi ber med oss tapserfaringane vidare i livet. Disse kjenslene kan ein arbeide med, men det kan ta tid - og mykje lengre tid enn omgjevnadene og du sjølv trur.
Praktisk informasjon om sorggruppe:
Sorggruppen er eit gratis tilbud til innbyggere frå heile Hallingdal. Det er tilbod om ulike type sorggruppar (for ungdom,
for kvinner, for etterlatte etter selvmord, tap av ektefelle/partner mm.).
Hensikta med samlingane er at deltakarane skal kunne dele si sorg og lytte til kvarandre, og på den måten vere til gjensidig hjelp og støtte. Gruppa byggjer på gjensidig hjelp og fellesskap, og er ikkje terapi eller psykologisk behandling!
Nye grupper startar opp kvart semester. For info om oppstart av ny gruppe kan du sjå www.kursihallingdal.no eller ta kontakt med Line Bakke.
For påmelding til sorggruppe eller meir informasjon, ta kontakt med:
Line Bakke
Diakon og familieterapeut, Ål kommune
Tlf.: 928 50 434
E-post: lb@427@kyrkja.no
For sjelesorgsamtale ta kontakt med:
Camilla Osnes
Sokneprest, Hemsedal kyrkje
Tlf.: 977 15 677
E-psot: camilla.osnes@hemsedal.kommune.no