Kyrkjebladet
Kyrkjebladet vert gjeve ut av sokneråda i Gol og Hemsedal og kjem ut 4 gonger i året.
I 2026 kjem bladet ut desse datoane: 19.mars, 11.juni, 3.september og 26.november.

Vil du bidra med innhald til bladet?
Me er alltid på utkikk etter gode artiklar, og me høyrer gjerne frå deg om du har ein ide til ein artikkel.
Få kyrkjebladet i posten
Alle husstandar i Gol og Hemsedal får kyrkjebladet gratis i posten. Får du ikkje bladet så ligg det fleire eksemplar i kyrkja, på kyrkjekontoret og på kommunehuset.
Om du ikkje bur i Gol eller Hemsedal og ynskjer å få kyrkjebladet tilsendt kan du gjere det med å kontakte kyrkjekontoret i Gol eller Hemsedal.
Å få tilsendt bladet kostar 300 kr pr. år.
Frivillig betaling av kyrkjebladet
Ein gong i året sendes det ut ein giro på 300 kr, som er ei frivillig betaling av bladet. Har du ikkje fått giro, men ønsker å betala så kan du gjera det til konto nr. 2367.60.00097 eller til vipps nr 591790.
Redaksjon
Redaksjonen består av: Irene Markegård (redaktør), Ludvig Munkejord, Sølvi Larsen Aalrust, Kjell Slåtten, Gunnar Rudningen.
Har du synspunkt eller stoff til bladet så ta kontakt med ein i redaksjonen, send til kyrkjekontoret eller på epost til: im328@kyrkja.no.
Stoff til bladet må leverast seinast dagen før redaksjonsmøtet til kyrkjekontoret på Gol eller på e-post.