Hans Majestet Kong Harald V døydde i dag 28. august 2026.
Mange søkjer til kyrkja i ein slik situasjon. Her følgjer informasjon, som vert oppdatert.
Open kyrkje laurdag 29.august kl 14.00-16.00
Informasjon frå kyrkje:
- Blomar og lys: Mange ønskjer å leggje ned blomar og tenne lys. Dette blir gjort ved bautaen på kyrkjegarden.
- Open kyrkje: Det vil vere open kyrkje mellom kl. 15.00 og 19.00 fredag 28/8 og kl 14.00-16.00 laurdag 29/8. Velkomne til kyrkja, til å tenne eit lys, be ei bøn, og signere kondolanseprotokoll.Det er og lagt ut kondolanseprotokoll på tjenestetorget på kommunehuset.
- Kyrkjeklokkene i Hemsedal kyrkje og Lykkja kapell vil ringe kl 12.00-13.00 i dag.
Me lyser fred over kongens gode minne. Lat oss hugse på hans nærmaste i bøn og takksemd.
Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff