Soknerådet har jobba med å utarbeida visjon og mål for perioden dei er valde.
Kyrkja i Hemsedal; folkekyrkja vår – med rom for tru, håp og kjærleik
- Tru – I kyrkja i Hemsedal er det rom for alle, til å veksa i og opne opp for tru.
- Håp – I kyrkja i Hemsedal vil vi gi håp for livet, verda og skaparverket.
- Kjærleik – I kyrkja i Hemsedal finn alle ein plass og høyre til, fellesskap og inkludering, der det er rom for bygdas innbyggjarar i alle livets fasar og tilbodet til kyrkja blir opplevd relevant.
Det vart gjort eit stort grunnarbeid før visjonen vart vedteken. Som underlag hadde ein Den norske kyrkjas strategi, Tunsberg bispedømme sin handlingsplan, kommunedata, statistikk, FN´s bærekraftmål, spørjeundersøking i kyrkjelyden og kartlegging av stab og sokneråd om styrkane og svakheitene til soknet.
Ut frå dette vart det danna ein hovudvisjon, som ein jobba ut mål og delmål frå. Desse jobbar staben vidare med, for å konkretisera.
Slik vart resultatet:
