Kyrkja i Hemsedal er ein mangfaldig arbeidsplass. Dei fleste veit at det finst prestar i kyrkja. Men her er utruleg mykje meir! Nysgjerrig?

Soknepresten/presten er den mest kjende medarbeidaren i kyrkja. Soknepresten er den teologiske og kyrkjelege leiaren i eit sokn og leier gudsteneste, dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd. Presten held andakt på sjukeheimar, leiar konfirmantarbeid, går på sjukebesøk, har sjelesorgsamtalar etc. Presten har også ei viktig samfunnsrolle i kommunen og samarbeider med mange i kommunen og kyrkjelyden.Presten har prosten som sin næraste leiar. Prosten leier prestetenesta i prostiet.
Kyrkjeverje er ein yrkestittel mange er ukjende med. Ei kyrkjeverje er den øvste administrative leiaren for kyrkja lokalt, og kan samanliknast med ein dagleg leiar. Kyrkjeverja utøver den daglege leiinga på vegne av det folkevalde soknerådet. Soknerådsleiaren er leiaren til kyrkjeverja, medan kyrkjeverja er leiar for dei andre tilsette i soknet. Hovudoppgåver er personalansvar, ansvar for å følgja opp vedtak rundt drift, budsjett, investeringar, bygg og vedlikehald, og i tillegg er kyrkjeverja er gravplasstyresmakt for innbyggjarane i kommunen.
Ein diakon/diakonimedarbeidar arbeider med omsorgs- og miljøarbeidet til kyrkja i kyrkjelyden. Rolla handlar først og fremst om menneske, fellesskap og praktisk omsorg. Diakoni blir ofte beskriven som «omsorgstenesta til kyrkja». Diakonen arbeider ofte med å skapa inkluderande møteplassar og ei av dei viktigaste oppgåvene er å møta menneske som treng støtte eller fell utanfor. Diakonen samarbeider ofte med ulike frå kommunen, frivillige og lag og organisasjonar og bidreg i gudstenester.
Menighetspedagogen har ansvar for kyrkjas arbeid med undervisning og trusopplæring for barn og unge i kyrkjelyden. Stillinga er ein del av satsinga til kyrkja på trusopplæring frå 0–18 år. Hovudoppgåva er å hjelpa barn og unge til å bli kjend med kristen tru og kyrkja gjennom aktivitetar, undervisning og opplevingar. Arbeidet inneheld å planleggja og leia aktivitetar i trusopplæringa, ofte i samarbeid med andre og hen bidreg ofte i gudstenester der barn og unge er involverte.
Alle kyrkjelydar har ein kyrkjemusikar. Kantor eller organist er dei vanlegaste titlane. Det er denne som speler orgel og piano ved gudstenester og kyrkjelege handlingar. Kyrkjemusikaren organiserer også konsertar, skaffar solistar og forsongarar til gudstenestene m.m. Mange kyrkjemusikarar leier også kor i kyrkjelyden. I tillegg arbeider kyrkjemusikaren med å utvikla musikklivet i kyrkja. Ein stor del av arbeidet til ein kyrkjemusikar er også å øva og halda repertoaret ved like.
Kyrkjetenar er på mange måtar den usynlege tilretteleggjaren og har ansvar for den praktiske tilrettelegginga av kyrkja, særleg i samband med gudstenester og kyrkjelege handlingar. Rolla er viktig for at arrangementa i kyrkja skal fungera godt i praksis og at besøkjande blir teken godt imot. Kyrkjetenaren sørgjer for at kyrkjerommet er reint og ryddig, at utstyr er på plass og i orden. Ofte er kyrkjetenar også vaktmeister og sørgjer for orden og vedlikehald i og rundt kyrkja og kyrkjelydens andre bygningar.
Ein sekretær i ein kyrkjelyd arbeider med administrasjon, kommunikasjon og praktisk organisering. Stillinga er viktig for at det daglege arbeidet i kyrkjelyden skal fungera godt. Sekretæren hjelper ofte til med det administrative rundt kyrkjelege handlingar, rekneskap og dagleg kontorarbeid.
Reinhaldsarbeidaren er ofte ein usynleg, men viktig funksjon. Hen har ansvar for reinhald og orden i kyrkja og tilhøyrande lokale og er viktig slik at kyrkja er rein og triveleg for gudstenester, kyrkjelege handlingar og andre arrangement, for tilsette, frivillige og besøkjande.
Det mange ikkje tenkjer over er at me i kyrkja også har spennande arbeidsoppgåver utandørs. Kyrkjegardsarbeidaren arbeider med drift, vedlikehald og skjøtsel av kyrkjegarden. Dette inneber mellom anna stell av grøntområde, klipping av gras, planting og vedlikehald av gravfelt. Arbeidet bidreg til at gravplassen står fram som ein roleg og verdig stad.
Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål om arbeid i kyrkja.