Vil du varsla om eit kritikkverdig forhold ? Hemsedal sokn ønskjer varsel når nokon har opplevd kritikkverdige forhold, slik at dette kan gjerast noko med.

Dette gjeld både om du er tilsett eller ein brukar av tilbodet til kyrkja. Du kan seia frå både skriftleg og munnleg. Når du har sendt inn varsel vil du få eit svar i løpet av åtte dagar.
Den norske kyrkja skal vera ein god stad å vera for alle
Både tilsette og frivillige i kyrkja har derfor rett til å varsla om kritikkverdige forhold. Målet med å varsla er å seia frå slik at noko kan bli gjort. Då kan dei ansvarlege gjera noko med det som har skjedd og hinder at det skjer igjen. Synest du det er vanskeleg å seia frå på eigenhand? Spør gjerne om hjelp til å varsla frå nokon du stoler på. Er du tilsett kan du også snakka med tillitsvald eller verneombod.
Alle kan varsla, både tilsette, frivillige og dei som deltek
Om du ikkje har eit arbeidsforhold til kyrkja, men til dømes er med på eit arrangement, er du oppmoda til å varsla om kritikkverdige forhold. Trykk på lenkja under for å komma til skjema for ekstern varsling.
Trykk her for å varsla Hemsedal sokn som ekstern
For deg som ikkje er medarbeidar, men til dømes har døypt barnet ditt, vore på ei gudsteneste eller delteke i ei gravferd.
Arbeidsmiljølova omfattar deg som utfører arbeid for Den norske kyrkja, anten du er tilsett, lærling, i praksis eller frivillig. Er du medarbeidar og ønskjer å varsla om kritikkverdige forhold? Trykk på lenkja under for å komma til skjema for intern varsling.
Trykk her for å varsla Hemsedal sokn som intern
For deg som er frivillig, tilsette, lærling eller har praksis i Den norske kyrkja.
Kva seier lovverket om varsling?
Kritikkverdige forhold kan vera:
• Lovbrot
• Seksuell trakassering
• Mobbing
• Rasisme
• Diskriminering
• Økonomisk utruskap
Arbeidsmiljøloven omfattar deg som utfører arbeid for Den norske kyrkja, her som tilsett, i praksis eller som frivillig. Som ekstern person, til dømes deltakar i dåp, bryllaup eller i aktivitetar, har du også rett til å varsla.
Les meir i arbeidsmiljølova
Kva skjer etter eg har varsla?
Du kan vera trygg på at saka di blir behandla raskt og på ein trygg måte. Etter at du har sendt inn eit varsel digitalt vil følgjande skje:
• Når du varslar digitalt via MittVarsel.no vil du få ei kvittering når varsel er innsendt. Her ser du brukarnamnet og passordet ditt, som du kan logga inn med seinare.
• Innan 8 dagar vil du få svar frå oss om at varselet ditt er motteke og vil bli behandla.
• I mange tilfelle vil saksbehandlar ha behov for meir informasjon frå deg og når du loggar deg inn i portalen kan du sjå om det har komme spørsmål til deg.
• Det er viktig å verna alle som er involverte i ein *varslingsak. Du vil få melding når saka blir avslutta, men du får ikkje innsyn i sjølve saksbehandlinga.