Hemsedal sokn vil med dette synleggjera ei klar haldning om at det er nulltoleranse for grenseoverskridande åtferd.

Me krev derfor politiattest av tilsette og frivillige medarbeidarar som kjem i kontakt med barn, unge og funksjonshemma i regien vår.
Korleis søkja politiattest
Du kan søkja om politiattest her. Før du søkjer treng du ei stadfesting frå kyrkjekontoret. Ta kontakt med oss for å få dette.
Tilsette leverer politiattesten sin til kyrkjeverja.
Frivillige medarbeidarar leverer attesten sin til kyrkjeverja om ikkje anna er bestemt.