Førsteklasses


Førsteklasses


6-åringane er særskild velkomne i kyrkja det året dei startar på skulen. 

Dei som fyller 6 år og skal begynne på skulen på hausten får invitasjon til ei samling knytt til ein gudsteneste.

Her blir det litt ulike aktivitetar, og på gudstenesten blir det utdeling av boka "Tre i et tre", som handlar om tre venner som startar på skulen.

Mamma, pappa eller ein annan vaksen må gjerne vere med om det kjennes trygt, og ein er velkommen til å vere med, sjølv om det ikkje passar å vere med på alt.

 

Tilbake