Førehandsstemming for kyrkjevalet 2023


Det blir fleire moglegheiter til å førehandsstemme. Sjå datoar her. 

I Hemsedal legg vi til rette for førehandsstemming ved kyrkjevalet 2023. Det er fordi vi ynskjer at flest mogleg får gitt stemme ved val av sokneråd og bispedømmeråd og Kyrkjemøtet.

Førehandsstemminga skjer mellom 10. august og 8. september (fredag før valdagen).

Den digitale førehandsstemminga er open frå 10. august til 6. september (onsdag før valdagen). Skal du førehandsstemme på papir i anna sokn enn der du er busett skal det skje seinast 1. september.

For fyrste gong er det mogleg å gi stemme digitalt. Det betyr at alle veljarar kan logge inn seg inn via internett og stemme. Pålogging skjer med bank-ID eller tilsvarande. Det kjem meir informasjon om framgangsmåte på www.kyrkjevalet.no.

Det er også mogleg å gi stemme ved desse høvene:

  • 15/8 kl 12.00-14.00, kyrkjekontoret
  • 24/8 kl 13.00-19.00, kyrkjekontoret
  • 26/8 kl 19.30-20.30, KULH, kjelleren på bedehuset på Ulsåk
  • 27/8 kl 12.00-13.00, etter gudstenesten i Hemsedal kyrkje
  • 31/1 kl 15.00-20.00, nasjonalt fellestidspunkt på kyrkjekontoret
  • 6/9 kl 10.30-12.30, Bygdaheimen

Sjølve valdagen er mondag 11.september. 

Tilbake