For foreldre til barn som ikkje er medlem i den norske kyrkja, som vil at barna skal få invitasjon til aktivitetane i kyrkja.
Velkommen til vårt barne- og ungdomsarbeid i Hemsedal kyrkje!
Kyrkja tilbyr varierte aktivitetar for alle i alderen 0 til 18 år, i regi av trusopplæringa.
Vi ynskjer å tilby aktivitetar som er spennande og som kan gi kjennskap til kristen tru og tradisjon, gjennom leik, bibelforteljing, song og musikk, bøn, konkurransar og mykje anna. Dette er ein del av kyrkja si trusopplæring, etter at denne vart teken ut av skulen. Her er alle velkomne uavhengig av livssyn.
Vi sender ut invitasjonar til trusopplæring til alle som er medlem. Dåp gir automatisk medlemskap i den norske kyrkja. Foreldre av barn som ikkje er medlem kan no registrere seg som «trusopplæringsabonnentar» og på denne måten få tilsendt same invitasjonar og informasjon som dei døypte i same aldersgruppe får.
Det er føresette som registrerer seg som trosopplæringsabonnent for sitt barn og får invitasjon.
For å registrere barn – logg inn på kirken.no/minside. Dette er ei sikker innlogging med bankID. Du kan logge inn uavhengig av om du er medlem i den norske kyrkja eller ikkje. Om du treng hjelp—kontakt kyrkjekontoret.
Barn som er døypt og medlem i kyrkja får automatisk invitasjonar til trusopplæringstilbod for sin aldersgruppe, dei treng ikkje registrerast.
Spørsmål eller hjelp til registrering?
Kyrkjekontoret i Hemsedal: 31408845
kyrkjekontoret@hemsedal.kommune.no
Kyrkjelydspedagog Britt Marie Haraldset
britt.marie.haraldset@gol.kommune.no
95122136