4-åringar


 

Dei som fyller 4 år får invitasjon til ei ettermiddagssamling og ein gudsteneste for små og store i Hemsedal kyrkje i september. Vi sender invitasjon til dei som er døypte, eller dei som har sagt frå at dei vil ha invitasjonar, men alle dei som fyller 4 år dette året er velkomne.

Her blir det bibelforteljing, sang med meir, og på gudstenesten blir det utdeling av "Mi kyrkjebok 4".

Mamma, pappa eller ein annan vaksen må gjerne vere med om det kjennes trygt, og ein er velkommen til å vere med på berre samling eller berre gudsteneste, om det ikkje passar begge dagar.

Tilbake