I konfirmasjonstida er det rom for å utforske mange viktige sider av livet saman med andre. Konfirmasjon i kyrkja handlar om å utforske kristen tru og dei store spørsmåla i livet. Som konfirmant får du lære meir om deg sjølv, om tru, om Gud og om den verda du er ein del av. Du treng ikkje vera sikker eller ha alle svara klare for å konfirmera deg i kyrkja. Saman skal vi utforske disse spørsmåla!
Du er velkomen til konfirmasjon i kyrkja uansett om du trur, tvilar eller berre er nyfiken!
Vi håper du vil vere konfirmant hos oss!
Klikk her for påmelding for kullet 2025/2026: KONFIRMANT 2026
Konfirmasjonsdatoar:
2026: 23. og 24. mai
2027: 22. og 23. mai
2028: 24. og 25.mai
Det blir anledning til konfirmasjon både i Hemsedal kyrkje og Lykkja kapell.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Viktige datoar og informasjon om konfirmantkullet 25/26:
- Oppstart xx.september med kick off kl 1430-16.00 på Kyrkjestugu!
Vi spiser taco saman, blir betre kjent og snakkar om året.
- Gudsteneste med presentasjon av konfirmantar: Sundag 26. oktober. kl 19.00 i Hemsedal kyrkje.
- Konfirmantfestival: 10. november 2025 (formiddag og ettermiddag / planleggingsdag på skolen)
- Konfirmantleir: 6.-8. februar 2026 (heile helga)
- Fasteaksjon: 24.mars 2026
- Samtalegudsteneste: Sundag xx. april kl.1100 i Hemsedal kyrkje. Etterpå vert det fest for konfirmantane med familien og faddere på Kyrkjestugu.
- Konfirmasjonsgudsteneste: 23. og 24. mai 2026 kl.1100 i Hemsedal kyrkje. Det blir også mulighet for konfirmasjon i Lykkja kapell 23.mai kl 1330
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Kva er konfirmasjon?
Ordet konfirmasjon kan tyde både «å stadfeste» og «å gjere sterk». Eit høgdepunkt i konfirmasjonsgudstenesta er når det vert bede ei bøn for deg. I bøna ber vi Gud om å velsigne deg og å styrke deg på vegen din vidare i livet. Det viktigaste med konfirmasjonstida er å vere ein del av eit fellesskap og bli betre kjent med den kristne trua.
I løype av konfirmasjonstida skal saman utforske ulike temaer:
Kvar kjem eg frå?
Kva skal eg bruke livet til?
Vennskap og menneskeverd.
Sorg og glede.
Kjærleik, seksualitet og samliv.
Klima, miljø og rettferd.
Finst Gud?
Kven er Jesus?
Korleis kan eg vere noko for andre?
KONFIRMANTSAMLING
Konfirmantida varar frå september til mai. Vi samlast ca. ein til to tysdagar i månaden. I tillegg kjem andre arrangement og gudstenesta. Samlingane vil vera i kyrkja, på kyrkjestugu eller ute.
KONFIRMANTWEEKEND
Ved sida av samlingane reiser vi òg på HEKTA konfirmantweekend i febraur i Håkons Hall på Lillehammer. I tre dagar vil det myldre av liv når over 1000 ungdommar møtast til leik, spennande aktiviteter, heftig sceneshow og fellesskap. Dette blir garantert ein oppleving du vil leve lenge på!
KONFIRMANTFESTIVAL
I november, på skolens planleggingsdag, blir det konfirmantfestival med alle konfirmantane i Hallingdal. Det blir leik og konkurransar, ulike workshops, mat og gudsteneste. Her kan du treffe kjentfolk og få deg nye vennar! Vi gleder oss til ein fantastisk dag saman!
KONFIRMASJONSDAGEN
Selve konfirmasjonsdagen er ein festdag for deg, familien og kyrkjelyden. Den markerar avslutninga på ein spennande tid, der du har vore samen med andre for å snakke, lytte og lære, skape og erfare. I Den norske kyrkja er konfirmasjonen ein forbønnshandling der du vert bedt for. Konfirmasjonsgudstenesta er høgtideleg, og alle konfirmantene kneler ved alterringen og presten ber for deg. Du treng ikkje sei noko eller bestå noko prøve den dagen. Konfirmasjon er ingen prestasjon der du må bevis noko. På konfirmasjondagen bekrefter vi døpens løfte - du er elska og skapt i Guds bilete, og Gud ynskjer fellesskap med deg.
EG ER IKKJE DØYPT – KAN EG KONFIRMERAST?
Du er velkomen til å delta i konfirmantopplegget sjølv om du ikkje er døypt.
Dåpen er ein føresetnad for å delta i den avsluttande forbønnsgudstenesta.
Kvart år er det konfirmantar som blir døypte.
Det er som regel elevar i 9. klassetrinn som er konfirmantar, men vi kan også tilretteleggja undervisningsopplegg for andre aldersgrupper.

PÅMELDING
Påmelding til konfirmasjon skjer digialt på vår heimeside. Dersom du er usikker på alt som skal fyllast ut, skriv du det du veit, og sender inn. Vi ordnar det som manglar ved oppstart. Påmelding startar på nett i juni og er ope fram til konfirmantoppstart i september. Gå inn på denne linken for konfirmantpåmelding:
Konfirmantpåmelding 2026
DELTAGERAVGIFT:
Det kostar 1150kr å vera med på konfirmasjon i kyrkja. Dette dekker alle samlingane, konfirmantleir og konfirmantfestival. Dersom du ikkje har mogelegheit til å betale skal ikkje dette vera ei hindring til å delta på konfirmasjon. Då vil kyrkja støtte økonomisk. Alle er velkomen til å konfirmerast i kyrkja!
Har du særskilde behov? Ta kontakt med oss, så legg vi til rette i samarbeid med dykk.
Sjekk ut konfirmant.no for ulike filmklipp og anna informasjon om konfirmasjon i Den norske kyrkje!