Konfirmasjon


Konfirmasjon


I konfirmasjonstida er det rom for å utforske mange viktige sider av livet saman med andre. Konfirmasjon i kyrkja handlar om å utforske kristen tru og dei store spørsmåla i livet. Som konfirmant får du lære meir om deg sjølv, om tru, om Gud og om den verda du er ein del av. Du treng ikkje vera sikker eller ha alle svara klare for å konfirmera deg i kyrkja. Saman skal vi utforske disse spørsmåla! Du er velkomen til konfirmasjon i kyrkja uansett om du trur, tvilar eller berre er nyfiken!

Vi håper du vil vere konfirmant hos oss!


Konfirmantpåmelding

 

PÅMELDING
Påmelding til konfirmasjon skjer digialt på vår heimeside. Dersom du er usikker på alt som skal fyllast ut, skriv du det du veit, og sender inn. Vi ordnar det som manglar ved oppstart. Påmelding startar på nett i juni og er ope fram til konfirmantoppstart i september.

Har du særskilde behov? Ta kontakt med oss, så legg vi til rette i samarbeid med dykk.

Sjekk ut konfirmant.no  for ulike filmklipp og anna informasjon om konfirmasjon i Den norske kyrkje!

Tilbake