Hemsedal kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Nyheter
 


S-klubben Hemsedal
S-klubben Hemsedal

For deg mellom 5-12 år!

S-klubben er ein kristen barneklubb med samling annankvar onsdag kl. 17.30-19.00.  Vi held til på Kyrkjestugo.
Vi startar som regel med bibelforteljing, sang og leikar. Temaet for samlingane dette skuleåret er Fader Vår. Etter samlinga deler vi oss i grupper og gjer ulike aktivitetar. Kvart år har vi basar til inntekt for barn i andre land.

S-klubben er tilslutta Acta, barne- og ungdomsorganisasjonen til Normisjon.

 

 

På dei vanlege samlingane kan du velje mellom tre ulike aktivitetar:

Matlaging og formings-/hobbyaktivitetar
Leikegruppe - leiking og moro i Trøimshallen.
Snekring i sløydsalen på skulen, for deg som i går i  3. klasse og oppover.

Vi avsluttar kvar samling med felles kveldsmat for alle

S-klubben UTE, for alle i 5., 6.  og 7. klasse, har sitt eige opplegg i gapahuken. Møter ved Kyrkjestugo seinast kl. 17.25,  og er tilbake der ved 19-tida.

 

Bileta er frå sommaravslutninga i juni

 



17. februar 2020 | Logg inn | Copyright 2020 kyrkja i Hemsedal Powered by Agrando