Hemsedal kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Nyheter
 


Hemsedal kyrkjegard - Søk på Gravlagte.
Hemsedal kyrkjegard - Søk på Gravlagte.

 

VEDTEKTER FOR GRAVPLASSEN 

 

I HEMSEDAL KOMMUNE
 
Jfr. lov av 7.juni 1996 nr.32 om kyrkjegardar, kremasjon og gravferd (gravferdslova) § 21.
 
Vedteke av Hemsedal kyrkjelege fellesråd den 27.04.1999 
Godkjent av Tunsberg bispedømeråd i brev av 28.05.1999. 
 
§ 1  Ansvar
Hemsedal kyrkjelege fellesråd administrerer og har ansvar for kyrkjegarden.
Kyrkjeverja er dagleg leiar for drifta av kyrkjegarden.
 
§ 2  Kyrkjegardstilhøyring
Avlidne personar busette i kommunen kan gravleggjast på Hemsedal kyrkjegard, 
dersom dei ikkje blir gravlagde i ein annan kommune. 
Dette gjeld og om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har 
budd  i eit anna sokn eller i ein annan kommune mot slutten av livet.
Personar med bopel i ein annan kommune kan gravleggjast i 
kommunen etter særskilt løyve frå kyrkjeleg fellesråd og mot å betala den til einkvar 
tid gjeldande avgift.
 
§ 3  Fredingstid og festetid
Fredingstid for oske- og kistegraver er 30 år. Festetida er 10 år.
 
§ 4 Feste av grav
Det er ikkje høve til å førehandsfeste grav.
Når kistegrav blir teke i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av.
Dersom det er bruk for ei ekstra grav i tillegg, kan det skje etter godkjenning 
frå kyrkjeleg fellesråd. 
Desse gravene utgjer då ein gravstad.
Når festetida er ute, kan gravstaden festast for nye 10 år. Når det er gått 
60 år etter siste gravlegging, kan festet ikkje fornyast utan særskilt samtykkje 
frå kyrkjeleg fellesråd.
I god tid før festetida er ute skal festaren varslast. Er festet ikkje fornya innan 
6 månader, fell gravstaden tilbake til kyrkjegarden.
Ingen kan gravleggjast i festa gravstad utan samtykkje frå festaren. Dersom 
festaren sitt samtykkje ikkje kan innhentast, kan kyrkjeleg fellesråd avgjera 
spørsmålet om gravlegging. Festaren pliktar å melde frå om endring av adresse.
 
§ 5  Grav og gravminne
Dei tilsette på kyrkjegarden vil syte for planering og tilsåing av grava etter
gravlegging. Likeeins vil det bli sett opp eit enkelt merke med namnet
til den avlidne.
På nyfesta gravstad set ein opp gravminne i bakkant av den grava som vart
teke i bruk og sentrerer det på gravstaden etter neste gravlegging.
Dei tilsette på kyrkjegarden har høve til, utan å måtte innhente løyve frå 
festar/gravansvarleg, mellombels å fjerne/leggje ned gravminne for betre
framkome/tryggleik i samband med opptak/attfylling av graver,
samt anna kortvarig arbeid på kyrkjegarden.
 
 
§ 6  Plantefelt
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med
bakken rundt. Det må ikkje vera breiare enn breidda på gravminnet.
Det kan ikkje stikke lenger fram enn 60 cm, målt frå bakkanten av gravminnet.
Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet eller som går ut
over plantefeltet.
Det er ikkje høve til å bruke faste dekorasjonar, t.d. liggjande plater, blomsterurner,
 
lykter m.v. i plantefeltet. Lause dekorasjonar skal fjernast etter bruk.
Det er heller ikkje høve til å ramme inn grava eller delar av ho med hekk
eller daudt materiale.
Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein delt natursteinkant som
fluktar med terrenget rundt.
Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vera grasbakke på alle
sider av gravminnet.
 
§ 7  Plantetilfang
Plantar, kransar og liknande tilfang som blir nytta ved gravferd eller ved
pynting av grav og som endar som avfall, skal vera heilt komposterbart.
 
§ 8  Stell av grav
Den som er ansvarleg for frigrav eller gravfestar har rett og plikt til å stelle
den grava han har ansvaret for.
Plantefelt som ikkje blir tilplanta og stelt, skal tilsåast av den ansvarlege eller
av dei tilsette på kyrkjegarden.
Kyrkjeleg fellesråd kan syte for årleg planting og stell på grav mot forskotbetaling.
 
§ 9  Bårerom
Kyrkjeleg fellesråd disponerer bårerom. Slike rom skal berre nyttast til
å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan etter
løyve. Liksyning kan berre gjerast etter samtykkje frå dei pårørande.
 
§ 10  Næringsverksemd
Næringsdrivande som ynskjer å drive verksemd på kyrkjegarden skal ha
løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Løyve kan tilbakekallast dersom vedkomande
ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatte
montering og vedlikehald av gravminne og planting og stell av graver.
 
§ 11  Åtferd og orden
Kyrkjegardsfreden må ikkje forstyrrast.
Det er ikkje høve til bruk av motorkøyretøy på kyrkjegarden, anna enn i 
særskilde høve.
 

SØK PÅ GRAVLAGDE VED HEMSEDAL KYRKJEGARD
Du kan søke på gravlagte ved å gå inn på denne linken: 

http://www.ecclesia.no/public/user_hemsedal



30. september 2020 | Logg inn | Copyright 2020 kyrkja i Hemsedal Powered by Agrando
izmir escort izmir escort izmir escort izmir escort denizli escort antalya escort antalya escort antalya escort ankara escort ankara escort izmir escort izmir escort